Gå til innhold
Meny

Arbeidsmiljøet i Noreg og EU – ei samanlikning

Formålet med den europeiske arbeidsmiljøundersøkinga (EWCS) er å overvake status og trendar i arbeidsforholda og identifisere grupper med særlege arbeidsmiljøutfordringar. I den norske rapporten ser vi på likskapar og forskjellar i arbeidsmiljø og -helse i Noreg og EU. Hovudkonklusjonen er at arbeidsforholda i Noreg er gode, samanlikna med EU, sjølv om det også i Noreg er utfordringar i enkelte yrkes- og næringsgrupper.

Samandrag

Utviklingstrekk

Ved å ta utgangspunkt i data frå EWCS i 2005 og i 2015, kan vi samanlikne utvalde faktorar i arbeidsmiljøet og sjå korleis desse har endra seg i Noreg i forhold til EU15 og enkeltland i EU. Resultata av tverrsnittsanalysane viser at andelen som i perioden 2005–2015 rapporterer at arbeidet involverer veldig stramme tidsfristar, har vorte redusert i Noreg samanlikna med EU15. Samstundes har andelen som oppgir at dei opplever fleire samtidige krav til korleis arbeidet skal verte utført, auka i Noreg. Både i Noreg og EU har det vore ei positiv utvikling når det gjeld kva innverknad yrkesaktive har på eigen arbeidskvardag (sjølvråderett), og kva moglegheiter dei har for fagleg vidareutvikling. I perioden 2005–2015 har det vore ein signifikant reduksjon i kjemisk eksponering i Noreg, medan reduksjonen i fysisk og mekanisk eksponering er meir uttalt i EU15 enn i Noreg i denne perioden.

Arbeidstid – familie-/privatliv

Fleksibel og føreseieleg arbeidstid, kortare arbeidsveker og høg førekomst av deltidsarbeid, særleg blant kvinner, er karakteristiske trekk ved den norske arbeidsmarknaden. Alle desse faktorane er fordelaktige for balansen mellom jobb og familie-/privatliv. Om lag ni av ti norske yrkesaktive opplever god balanse mellom arbeid og familie-/privatliv. I EU28 opplever åtte av ti dette.

Psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø

Arbeidslivet blir kjenneteikna av endringar som over tid påverkar både arbeidsmåtar og arbeidsinnhald, og dessutan korleis folk har det på jobb. Arbeid som blir kjenneteikna av ein god balanse mellom krava som blir stilte i jobben, og dei høva og føresetnader den enkelte har til å møte desse krava, har vist seg å vere gunstig for helse, trivsel og velvære. Norske yrkesaktive på eit overordna nivå har eit balansert forhold mellom dei krava som blir stilte i jobben, og moglegheiter for å styre eigen arbeidskvardag.

Noreg er blant dei landa i Europa som har høgast førekomst av organisatoriske endringar, men er også blant dei landa der dei yrkesaktive i størst grad seier at dei får delta i utviklinga av organisasjonen dei arbeider i, og i fastsetjinga av måla for eiget arbeid. Majoriteten av norske yrkesaktive meiner at organisasjonen dei jobbar i, motiverer dei til å gjere ein god jobb. Samtidig opplever norske yrkesaktive meir truande og audmjukande åtferd, og er meir utsett for fysisk vald i arbeidet, enn EU28-gjennomsnittet.

Mekanisk, fysisk, kjemisk og biologisk arbeidsmiljø

Generelt blir det observert ein litt redusert eller uendra eksponering for fleire kjemiske, fysiske og mekaniske risikofaktorar i arbeidsmiljøet, men denne typen eksponering utgjer framleis ein stor helse- og tryggingsrisiko for europeiske yrkesaktive i fleire næringar og i enkelte land.

Jobbkvalitet

Enkelte faktorar i arbeidsmiljøet kan medverke til sjukdom og uførleik, men ei rekkje studiar har dokumentert at det å vere i arbeid kan bidra til å førebyggje sjukdom og fremje god helse. Ved å identifisere faktorar i arbeidsmiljøet som har særleg betydning for produktivitet, helse, trivsel og velvære, kan vi identifisere grupper som er særleg utsette i dagens arbeidsliv. Eurofound, som framhevar betydninga av jobbkvalitet, aggregerer data frå individ- til gruppenivå, og deler europeiske sysselsette inn i fem grupper alt etter kva arbeidssituasjon dei er i. Analysane viser at Noreg kjem godt ut på nesten alle jobbkvalitetsdimensjonar samanlikna med EU28. I Noreg er nær 40 prosent av dei yrkesaktive i ein positivt krevjande arbeidssituasjon. I EU28 er andelen 22 prosent. 8 prosent av norske yrkesaktive er i ein belastande arbeidssituasjon. I EU28 utgjer denne gruppa 19 prosent av dei sysselsette.

Helse og arbeid

I Noreg seier tre av ti at helsa blir påverka positivt av arbeidet. Norske yrkesaktive rapporterer relativt høg grad av mentalt velvære, men både i Noreg og i EU rapporterer kvinner gjennomgåande lågare nivå enn menn. Denne forskjellen er spesielt uttalt i Noreg. Norske yrkesaktive fortel også om både høgare sjukefråvær og sjukenærvær enn dei yrkesaktive i dei fleste andre europeiske landa.