Gå til innhold
Meny

Levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø frå Statistisk sentralbyrå

Levekårsundersøkingane med tema arbeidsmiljø (LKU-A) er intervjuundersøkingar som Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennomfører kvart tredje år av eit representativt utval i den norske befolkninga. Undersøkinga har som mål å kartlegge ulike arbeidsmiljø- og helseforhold blant sysselsette i Noreg.

I 2022 blei det gjort ei større omlegging av LKU-A. Dei viktigaste endringane er knytt til innsamlingsmetode, spørjeskjemaet og utvalstrekking. Bakgrunnen for endringane var eit ønske om å kunne vise meir finmaska statistikk i form av fleire yrkes- og næringsgrupper. Utvalsstorleiken blei auka frå ca. 19 000 til 35 000. For å unngå ein auke i kostnader til datainnsamlinga blei det innført webskjema for delar av utvalet i tillegg til telefonintervju, som har vore innsamlingsmetoden fram til no.

Innføring av webskjema kan ha ført med seg ein såkalla moduseffekt knytt til enkelte spørsmål. Denne effekten kan blant anna oppstå når ein byter frå telefonintervju til nettbaserte spørjeskjema. For eksempel blir sensitive spørsmål om helseutfordringar rapportert hyppigare og med større alvorsgrad når svara blir gitt i nettbaserte spørjeskjema, enn når svara blir gitt til eit menneske over telefon. Dette betyr ikkje at resultata frå LKU-A 2022 er usikre. Men, det betyr at det på enkelte område kan vere noko uvisse knytt til direkte samanlikningar med tidlegare års undersøkingar.

Det blei i 2022 også gjort fleire endringar i sjølve spørjeskjemaet. Dette inkluderer blant anna modernisering av språk og endra skala for enkelte spørsmål. I tillegg er nokre spørsmålsformuleringar blitt endra.

For å hindre skeivt utval blei det gjort ei oversampling av personar utan høgare utdanning. Sjølv om vi bruker ei populasjonsvekt for å korrigere for denne oversamplinga i utvalet, er det mogleg at dette kan ha påverka nivået for enkelte variablar i 2022. Datasettet er elles utstyrt med vekter som tar omsyn til at svarprosenten også varierer med alder, kjønn, inntekt, innvandringsbakgrunn og bustad (landsdel), og det er vekta resultat som blir presentert. Svarprosenten har variert over tid, frå 67 prosent i 2006, til 53 prosent i 2013 og i 2016, og sist til 51 prosent i 2022.

Data frå Levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø (LKU-A) er samla inn av SSB, og er tilrettelagt og stilt til disposisjon i anonymisert form av Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør. Verken SSB eller Sikt er ansvarlege for analysar av data eller tolkingar som er gjort av STAMI, NOA.

Fleire detaljar om undersøkinga i 2022 kan du lese i dokumentasjonsrapporten på SSBs nettsider.

Meir informasjon om kva slags konsekvensar bruk av ulike data-innsamlingsmetodar har hatt for resultata i undersøkinga, kan du lese i ein analyse på SSBs nettsider.